Psykiatri og kulturelle faktorer


Dette er eit stort og veldig interessant fagområde der fokuset er på kva for kulturelle faktorar som kan bidra til psykiske lidingar. Miriam Ekelund har skreve ein interessant bok om den norske kulturen og norsk konformitet. Boken heiter “Du skal lide for fellesskapet”. Ein bok eg anbefaler folk å lese. Dette er ein bok som gir en annen forklaring på lidingar som til døme sosial fobi enn det en vanligvis har lett etter i klinisk psykologi. Ho meiner å ha data som konkluderer med at så mange som 800.000 nordmenn har hatt sosial fobi og at dette kan relaterast til den norske konforme kulturen der det er veldig viktig å vere, tenke og gjere som andre. Eg som ikkje er frå Sunnfjord opplever til dømes den sunnfjordske kultur som ganske ekskluderande, taus, trist og tildels tung, og at det er lite mangfold og toleranse overfor folk som ikkje er som fleirtalet. Det er mykje jantementalitet og bygdedyrtenking, og lite openheit eller nysgjerrigheit overfor menneske som kjem utanifrå, enten det er frå Bergen, nordfrå eller frå austlandet ein kjem. Eg personleg trur at det er kulturelle moment her som gjer folk til dels noko meir engsteleg og depressiv enn det ein kan oppleve i andre kulturar. Moglegvis er det også meir sosial kontroll i området enn til dømes i byar som Bergen. Eg trur dette må påverke folks psyke.